Barmark med luftige hoppruller
Hallgeir Hove
- 08.11.2010
To gongar i veka køyrer alpingruppa barmarkstrening i Stordalshallen. På måndagskveldane er økta for alle, medan økta på onsdagane er for dei eldste. Det er, som tidlegare år, veldig god oppslutning kring treningane. I tillegg til styrke, uthald, koordinasjon og bevegeligheit, vert det også plass til mykje leik og moro. Team-track´n er sjølvsagt veldig populær, uansett alder og den er ekstra godt eigna til innlæring av turnøvingar. I tillegg er det sjølvsagt mykje anna kjekt ein kan gjere på den.