Stordal IL
Vegard nr 33 - Jørgen rauk ut i torsdagens SSL på Bjorli
Magne Tøsse  - 19.11.2010

Vegard traff ikkje i 1.omg, men betre i den andre. Enda på ein 33.plass blant dei ca 100 karane på startstreken. Forbetra nok ikkje sine FIS punkter. Jørgen sleit veldig i siste del av løypa i 1.omgang men var nr 55. i 2.omg måtte han ut midtvegs. Fredag er det ny konkurranse også i storslalåm. Vinnar vart Gøran Kirkefjord frå Oppdal Skigymnas. Fredag køyrer også Erika renn på Geilo der damene er samla. Vi kjem med resultata fredag kveld. Komplett RESULTATLISTE her


Klart for barmarkssamling på søndag
Hallgeir Hove  - 18.11.2010

Førstkomande søndag skal store og små alpinistar samlast i Stordalshallen. Til liks med tidlegare samlingar vert det fleire kjekke aktivitetar og også denne gongen avsluttar vi med felles mat og bilder på storskjermen i grendasalen.


Vegard og Jørgen klare for sesongstart på Bjorli torsdag
Magne Tøsse  - 18.11.2010

Vegard startnr.56 - Jørgen startnr.75. Heile 102 herrer frå 10 ulike nasjonar stiller på start. Vil du sjå startliste og etterkvart resultata sjekk FIS Bjorli start/resultater


Ny fin treningshelg på Bjorli
Magne Tøsse  - 17.11.2010

Ei litt mindre gruppe av våre løparar var på Bjorli fredag til søndag sist helg. Veldig fine forhold i bakken og mykje bra køyring vert det meldt. Om to veker er det fartssamling same stad, der Stordal stiller ein fyldig tropp. I mellomtida håper vi at løparane har fått prøvd skia på heimebane i Arena Overøye


Våre 4 FIS-løparar klargjer seg til årets første konkurranse
Magne Tøsse  - 09.11.2010

Ingrid, Jørgen, Erika og Vegard starter konkurransesesongen neste torsdag den 18.nov. Gutane på Bjorli og jentene på Geilo. Les meir om våre hardtsatsande juniorløparar under.....


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel