Stordal IL
Erika med fin-fin 25.plass i dagens slalåm på Geilo
Magne Tøsse  - 21.11.2010

Meget bra 2.omgang der ho kun var 0,63 sekund bak vinnaren Ignjatovic frå Serbia! 11.beste norske løpar. Vi gratulerer Erika med den flotte innsatsen. Resultater her


Vegard med kanonprestasjon i dagens slalåm på Bjorli!
Magne Tøsse  - 20.11.2010

vart nr 12 av 95 løparar. Han hadde kun 5 nordmenn framfor seg på resultatlista! Dette var herlig! Vegard har vist imponerande køyring på trening i det siste, og det var veldig kjekt å vere med på at han slo til i dagens konkurranse. No har han lagt grunnlag for ei stor forbetring av FIS-punktane sine, om han søndag kan gjenta ein liknande prestasjon. Vi gleder oss allereie! Gratulere med dagen Vegard!! Jørgen kom inn på ein fin 39.plass etter ok køyring i begge omganger. Resultatlister her


Erika med fin plassering på Geilo
Magne Tøsse  - 20.11.2010

37.plass i fredagens storslalåmrenn. 17 beste norske etter god køyring. Resultata kan du finne her


Nærare 50 store og små klare
Hallgeir Hove  - 19.11.2010

Etter ei kjapp runde med påmelding i går, viser det seg at det vert god oppslutning kring barmarkssamlinga førstkomande søndag (21. november) Dette var i og for seg ikkje uventa, men ekstra flott er det sjølvsagt at det vert så mange, når vi veit at våre FIS-løparar er i aksjon og at mange av trenarane og foreldra er i aksjon i samband med avviklinga av FIS-renn på Bjorli.


Vegard 41 av 95 løparar under fredagens SSL på Bjorli
Magne Tøsse  - 19.11.2010

Ingen fullklaff hos våre to løparar idag heller. Men i morgon står slalåm på programmet og utfrå treningsøktene den siste tida må vi ha lov til å ha forhåpninger om plasseringer litt høgare oppe på res.lista. Vi kjem med resultatlista for dagens renn seinare. Laurdag starter rennet kl.09.45. Vi ønsker Vegard og Jørgen lykke til!


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel