Stordal IL
FIS-løparane avslutta Hemsedalsturen med kombislalåm onsdag kveld
Magne Tøsse  - 25.11.2010

No er dei vel heime og på skulebenken et par dager. Ut i neste veke går reisa til Funäsdalen i Sverige og 4 renn der. I "kveldrennet" igår gjekk det greitt både med Erika og Jørgen som begge forbetra sine FIS-punkter. Vegard rauk desverre ut av løypa denne gongen. Alle resultat Hemsedal. .


Jørgen Vinje Tøsse raskast tid av våre i dagens Super-G i Hemsedal
Magne Tøsse  - 24.11.2010

Erika H Tøsse vart nr 39 av 122 damer. Jørgen nr 107 av heile 164 herrer på start. Vegard Busengdal nr 112. Halvparten av dei startande var utanlandske løparar! Blant dei norske deltakarane vart Erika nr 17, Jørgen nr 46 og Vegard nr 50.


Erika, Vegard og Jørgen klar for Super-G i Hemsedal tirsdag
Magne Tøsse  - 23.11.2010

Desse 3 kviler ikkje på laurbæra! 2 renn i SuperG idag og så kombi-slalåm onsdagen. Meget stor deltakelse med 170 herrer!! og ca 100 damer. 70 av herrane kjem frå andre nasjonar. Resultata kan du finne her etterkvart


Vegard Busengdal med historisk pallplassering!
Magne Tøsse  - 21.11.2010

3.plass i dagens FIS-renn på Bjorli! Fantastisk køyring, spesielt i 2.omgang, gjorde at han klatra frå 10.plass til ein utruleg sterk pallplass til slutt. Det er rett og slett imponerande det Vegard presterer i slalåmløypa for tida! Vi bøyer oss i støvet og gratulerer!! Les meir om rennet og link til resultata under...


Ny, kjekk barmarkssamling i Stordalshallen
Hallgeir Hove  - 21.11.2010

30 alpinistar, frå 6 til14 år, deltok på samlinga i Stordalshallen i dag. I løpet av den 5 timar lange samlinga fekk dei vere med på mykje spanande og sjølvsagt ekstra stas med nydeleg taco-middag i grendasalen som avslutning.


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel