Stordal IL
Trening på Ørskogfjellet laurdag & søndag kl.12-15
Magne Tøsse  - 03.12.2010

Klubbtrening begge dager frå kl.12. Husk Alpepass/årskortet! Møt fram i god tid slik at alle løparar er klar med ski og kort ved varmestova kl.12.00. 3 timers økt med kortstaur/frikøyring laurdag og evt langstaur søndagen. Slalåmski begge dager. Alpepass kan du få kjøpt på Overøye idag fredag kl.18.30 til 19.00. S.U.


Erika med sterk prestasjon i Sverige idag!
Magne Tøsse  - 02.12.2010

Gjorde sin beste storslalåmkonkurranse på lang tid, vart nr 14 av 95 damer og oppnådde FIS-punkter på 41,08! Vegard ikkje heilt nøgd idag. Fin plassering som nr 24 av 92 herrer, men har betre punkter frå før. Resultat Funäsdalen


Erika og Vegard med fine prestasjoner i Funäsdalen
Magne Tøsse  - 30.11.2010

Vegard nr 16 av ca 100 herrer og Erika 25 blant ca 100 damer. Dette er meget fine plasseringer av dei begge. Og når dei forbetra FIS-punktane sine med nærmare 10 pkt skal dei vere godt nøgde begge to. Resultater her . Ny SSL-konk torsdag som du kan følge LIVE her.


Vellukka kretssamling
Hallgeir Hove  - 27.11.2010

Når to av tre dagar er gjennomført, kan ein alt no slå fast at kretssamlinga på Bjorli, ser ut til å bli særs vellukka. Det har vore hovudfokus på storslalom og løparane har synt særs god køyring. Erik Skaslien og Einar Vegsundvåg har hatt hovudansvar for samlinga. Løparane har fått veldig god oppfyljing og i tillegg til feed-back oppe i løypa, vart det også synt fram film av løparane i aksjon, i pausane.

Vi kjem attende med meir etterkvart, men har i kveld lagt ut 10 bilder frå samlinga. Sjå dei i galleriet vårt.


Kretssamling på Bjorli til helga
Magne Tøsse  - 25.11.2010

Oppmøte ved heiskroa kl.09.30 fredag. Det vert ikkje fartssamling, men alle vert bedne om å ta med SuperG-skia for evt seksjonstrening laurdag/søndag. Samlinga vert med fokus på Storslalåm og det er ikkje nødvendig å ta med SL-skia. Sjå elles mail frå Marianne og SMS frå Lise vedr detaljer om overnatting/deltakerlister m.m. Vi skal bo på Kråkeslottet denne helga...


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel