Stordal IL
Erika og Vegard med fine plasseringer i dagens NM Super-G på Oppdal
Magne Tøsse  - 21.03.2011

Erika vart nr 8 i dameklassa som vart vunne av Lotte Seiersted. Det var 27 damer i klassa. Vegard tok ein fin 27.plass i herreklassa som vart vunne av Kjetil Jansrud. Han var kun 2,99 sek bak Jansrud i mål. 76 herrer stilte til start i NM løypene på Oppdal. Resultata finn du her . Tirsdag er det kombislalåm der Vegard ligg på 30.plass etter utfordelen. Han får dermed start nr 1 og truleg meget gode forhold. Du kan følge rennet tirsdag gjennom LIVE-timing Oppdal her . Starttidspunkt er 10.00 for damene og 10.30 for herrane.


Tirsdag 9.30 starter Hovedlandsrennet på Voss med storslalåm
Magne Tøsse  - 21.03.2011

Etter ein dags utsettelse pga mykje regn er det tirsdag klart for første dag og storslalåm for våre 5 løparar som er på Voss. Rennstart er for jentene kl.9.30, og gutane 10.30, og våre har følgande startnr: Kristiane nr 33, Kristina 38, Andrea 45 og Kine 70. Det er 76 jenter på start. Kjetil har fått start nr 92 av dei totalt 99 gutane i klassa, Øvrige frå Møre og Romsdal sin tropp: Lisa Løseth 11, Anna Flemmen 22, Guro Kvammen 64, Christoffer Ryste nr 2, Magnus Mork 30, Daniel Øverås 41, Espen Engeset 52, Espen Åmbakk 60 og Erik Brox Wilhelmsen nr 76. Startlister kan du finne her . Det er desverre ikkje live-timing under årets Hovedlandsrenn. Vi ønsker alle våre lykke til med konkurransane!


Erika og Vegard køyrer NM SuperG og kombi på Oppdal måndag
Magne Tøsse  - 21.03.2011

Du kan følge dei begge med LIVE-timing her frå kl.12.30 når Super-G rennet går. Erika har start nr 15 når jentene tek til 12.30. Vegard har start nr 35 og dei starter 13.30. I formiddag har dei køyrt 1.del av kombien med utfor der Vegard tok ein fin 30.plass, noko som gir han start nr 1 i tirsdagens kombislalåm. Erika køyrde desverre ut.


Vibeke med glimrende 6.plass og Julie med flott 10.plass på Landsfinalen!
Magne Tøsse  - 20.03.2011

Ein fantastisk avslutningsdag av Landsfinalen for Stordal Alpin, der vi fekk alle våre 4 jenter inn blant dei 25 beste! Vibeke Innselset slo altså til med ein glimrende 6.plass og Julie Olsen Almås med ein veldig flott 10.plass under dagens slalåmrenn. Mathilde Vinje Øvrebust og Rebekka Helland fulgte opp med ein 20. og 23.plass i konkurranse med ca 90 jenter. Stordal markerte seg med andre ord skikkeleg under dagens slalåmkonkurranse. Og Sander Grønningsæter vart nr 55 av dei over 100 gutane i klassa hans. Resultatliste slalåm finn du no her ... Vi gratulerer alle våre med ein fantastisk innsats! ...les meir under.


Utfor NM senior går allereie på søndag!
Magne Tøsse  - 20.03.2011

Laurdag kveld vart det bestemt at NM utfor skal køyrast på søndag. Dette pga dei dårlege vermeldingane på Oppdal dei komande dagane. Det betyr at Erika, Ingrid og Vegard skal ut å konkurrere allereie søndag formiddag. Du kan også følge dei med LIVE-timing frå Oppdal . For tidspunkt og detaljer kring planen på Oppdal ber vi om å sjekke info på Oppdal Alpin si heimeside . Vi ønsker våre lykke til med utforrennet!


VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel