Stordal IL
Olav Rune, Kjetil og Jørgen på bronselaget i Norway Cup
Magne Tøsse  - 12.08.2010

3 av våre mest aktive alpinistar var med og kapra bronsemedalje for Stordal under årets Norway Cup. 3,plassen i G-16 klassa er det beste eit Stordalslag har prestert gjennom tidene. Vi gratulerer heile laget med ein kjempeprestasjon! Les meir...


Padling onsdag og torsdag frå kl.17.30 til 19.30 - vi treng foreldrevakter!!
Magne Tøsse  - 11.08.2010

Tilbudet gjeld for utøvarar født 2000 eller eldre. Dei som er født i 1995 til 2000 MÅ ha med foresatte. Redningsvestar følg kajakkane. Alpingruppa tek ikkje ansvaret for den enkelte som er ute og padler, men vil så langt mulig organisere sampadling. Dette er eit samarbeidsopplegg mellom Ungdomsklubben og Alpingruppa.
Meld til Ole på tlf 90022603 om du kan vere foreldrevakt.


Klart for ny fysisk test neste veke (33). Nærmare beskjed kjem om dag og tid
Magne Tøsse  - 11.08.2010

Alle aldersgrupper kan delta på 3000 meter og lengdehopp. Dei som er født 2000 og eldre blir med på alle øvelsar. Håper alle har fått trent godt i sommar! Bruk uansett dagane fram mot testen godt, slik at vi også denne gongen kan registrere ytterlegare framgang for mange! mvh Trenarteamet


Slalåmsangen - her er den
Magne Tøsse  - 05.07.2010

Slalåmsangen som Kristiane, Julie, Mathilde og Andrea laga ifjor kan du sjå og høyre ved å klikke deg vidare her http://www.youtube.com/watch?v=8va9e4U3aRY&feature=geosearch


Alpinistane aktivt med og laks på nærare 6 kg til Mathilde!
Hallgeir Hove  - 01.07.2010

Mange av utøvarane i Stordal Alpin nyttar høve til å få med seg dei mange tilboda i samband med aktivitetsveka i regi av Barnas kommune. Det har vore tett program sidan sist søndag og på programmet i dag har det vore vannski og songseminar. Den største opplevinga har nok Mathilde Vinje Øvrebust hatt. I går fekk ho nemleg ein laks på nærare 6 kg (!) i Stordalselva, då laksefiske var noko av det som stod på programmet. Besøk av landslagsspelaren Jonathan Parr har det også vore og han hadde mykje å fortelje om, som klart har relevans for den som tek mål av seg til å nå toppen, anten dette gjeld innan alpint eller i andre samanhengar.


VÅRE SPONSORAR






Arena Overøye
Motorforum
Stordal Møbler