|
|
 |
Ingrid og Erika rett frå Bjorli til Ål - køyrer Super-kombi måndag
Magne Tøsse
- 30.01.2012
Måndag er det Super-kombi og tirsdag Super-G renn. Begge deltok på Bjorli i helga og fekk verdifull trening framfor dei to FIS-renna på Ål. Også Magnus Mork frå Stranda deltek. Vegard er som kjent på renn-turnè i Frankrike. Og naturlegvis er Erik Skaslien med som coach! Lykke til alle saman!! Resultater Ål
|
|
|
Julie Olsen Almås og Kristiane Nakken med dobbeltsigrar på Bjorli
Magne Tøsse
- 29.01.2012
2.plass til Andrea Vinje Tøsse og 3.plass til Rebekka Helland og Kine Kvammen Tøsse i same klasse. Jørgen Larsen Stavseng tok 2.plass i G11år. Glimrende forhold både under renna søndag og på treningssamlinga fredag og laurdag. Og etter 3 dager med mange fartsturer registrerte vi stor framgang hos alle løparane våre. Resultat 1.renn og resultat 2.renn. Les meir...
|
|
|
Erika utteken til FIS-runde i Sveits!
Magne Tøsse
- 26.01.2012
Ikkje før har vi lagt ut info om at Vegard skal til Frankrike, så kjem beskjeden om at Erika av Norges skiforbund er teken ut til renn i Sveits frå 7.februar. VI GRATULERER ERIKA!! Vi kjem med meir om saka etterkvart...
|
|
|
Kretssamling og Super-G renn på Bjorli komande helg
Magne Tøsse
- 26.01.2012
19 løparar frå Stordal Alpin er med når skikretsen inviterer til fartssamling frå fredag til søndag. Fredag og laurdag vert det trening i ulike trasèar på Bjorli med inndeling etter alder. Søndag er det så klart for 2 Super-G renn som samstundes er kvalik til Hovedlandsrennet og Landsfinalen. Vermeldingane ser lovande ut og forholda i bakkane på Bjorli veit vi er veldig fine. Totalt vert vi omlag 30 personer som denne gongen skal bu på "Kråkeslottet". Vi ønsker alle lykke til med både samlinga og renna på søndag! Meir info om samlinga her , og bilder frå fjorårets samling her,
|
|
|
|
|
|