|
|
 |
Andrea Vinje Tøsse til topps på Fjellsætra
Magne Tøsse
- 04.02.2012
Julie Olsen Almås, Vibeke Innselset og Jørgen Larsen Stavseng med kvar sine 2.plasser. Vi venter på resultata frå Sykkylven Alpin. Mange flotte prestasjonar av våre 32 løparar i nydeleg ver på Fjellsætra laurdag. Søndag er det storslalåm og kretsmesterskap på same stad. Mange flotte bilder frå rennet er no lagt ut i bildegalleriet. Dette var også aller første dag med dei nye klubbjakkene!
|
|
|
Heile 32 Stordalsalpinistar klare for KM på Fjellsætra
Magne Tøsse
- 03.02.2012
Rekordstor tropp for året når vi stiller med gledelege 14 løparar i alderen 8-10 år, og heile 18 i det som er "lang løype" frå 11 til 15 år. Laurdag er det slalåm og søndag storslalåm med innlagt kretsmesterskap for 12 år og eldre. Rennet laurdag er med i kvaliken til HL/LF for 12-15 åringar. Vi har lagt bak oss den klart beste treningsveka for sesongen, så no vert det spennende og sjå om all framgangen vi har sett på trening også kan slå positivt ut når vi får startnummera på brøstet.. Lykke, lykke til alle sammen!! Program laurdag SL .. Program søndag SSL (korrigert) ..
|
|
|
Følg Vegard LIVE 2.omgang kl.12.15 med startnr 1
Magne Tøsse
- 03.02.2012
Live-timing frå Serre Chevalier der Vegard er nr 30 etter 1.omgang, og starter dermed aller først i finaleomgangen som tek til kl.12.15. Igår køyrde han ein meget oppløftande 1.omgang og var heilt oppe på ein 13.plass, men kom desverre på innerski i finaleomgangen og tapte mykje tid på uhellet. Han enda som nr 31 av dei 106 startande. Resultater frå begge renna finn du her
|
|
|
Super-G og SSL torsdag kveld - NB! frå kl.17.00
Magne Tøsse
- 02.02.2012
Viser til siste dagers treninger under fantastiske forhold på Overøye, der vi har diskutert ei forlenga trening torsdag. Vi køyrer Super-G frå kl.17.00 til ca 18.30, så ei kort pause, deretter SSL fram til ca kl 20.30. Husk å ta med litt mat og drikke! Alder 2001 og eldre som vanleg på torsdager.
|
|
|
|
|
|