Stordal IL

Velkommen til Stordal IL Hoppgruppa

Under her legg vi fortløpande nyheiter og informasjon.
Bruk ellers menyen til venstre for å finne det du leitar etter!

Følg våre aktivitetar og hopparar også på Facebook
- klikk deg inn til høgre -------------------------------------------->


Hopprenn i Fjellbakken til helga
John Kristian Hjelle  - 27.01.2011

Stordalsrennet i hopp og kombinert i Fjellbakken som var terminfesta til 5. februar er flytta til søndag 30. januar.
Dette pga at det kolliderer med Høgåsrennet i Trondheim, eit renn fleire skal vere med på.


Mange på Hoppskule 13. januar
John Kristian Hjelle  - 27.01.2011

Mange møtte opp på den første kvelden med Hoppskule. I staden for renn i dei ulike bakkane er det i år lagt opp til trening med meir fokus på prøving og opplæring, der deltakarane får oppfølging og undervisning av oss, med veteranhopparane våre i spissen, og får prøve utstyr og hoppe etter eige ønske og i sitt eige tempo.


Vellukka treningssamling
John Kristian Hjelle  - 27.01.2011

Laurdag 8. januar var det treningssamling i Fjellbakken. Om lag 20 hopparar frå Stryn til Nordmøre var med på samlinga som gjekk under ypperlege forhold.


Treningssamling til helga
John Kristian Hjelle  - 06.01.2011

Til helga arrangerer vi treningssamling i Fjellbakken, og håper på god deltaking frå heile kretsen.


Treningar og StordalsCup
John Kristian Hjelle  - 06.01.2011

Det er no lagt opp til faste treningstider i Fjellbakken framover.
Sjå oversikt treningstider under "Treningar 2011" i menyen til venstre.
Med dei flotte tilhøva vi har no, er det berre å henge seg på!

Vi startar også opp årets StordalsCup i hopp, første gong allereie torsdag 13. januar.
Sjå oversikt alle renna under "Stordalscup" i menyen til venstre.


VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Pedro Eiendom
Sparrebanken Moere