Stordal IL
Løypestatus
Tor Midtbust  - 30.03.2011

Nedbør og isferd i forrige veke har øydelagt brua over Innfjordelva (mellom Kvitlane og Pusken). Så alle blir oppfordra til å følge løypa frå Overøye og fram til Puskebrua for vidare skigåing derifrå, altså bruke Puskebrua som base for utfart enten til Jolbotn, Fokhaugstova, Lillevatnet eller Storvatnet.

Som du kan sjå av skisporet.no så er det idag nypreparerte løyper dei fleste traséar. Det var veldig fint på fjellet idag!


Snart vinterferie!
Tor Midtbust  - 24.02.2011

Neste veke (28.2 - 6.3) er det vinterferie. Då vil det om nødvendig verte løypekøyring heile veka, men forbehold ved styggever og fonnfare. Svenn Tore Busengdal køyrer.


Løypekøyring II
Tor Midtbust  - 25.01.2011

(Opprinneleg innlagt 16.01.2011)

Dersom du vil ut på tur i oppkøyrde løyper i Langsæterområdet, bør du sjekke skisporet.no og samtidig tenke over dette før du legg i veg:

• Fredag ettermiddag, laurdag og søndag er løypene preparerte så sant veret tillet det. Fredager vil normalt Seljebotnløypa og løypene i nærområda Overøye-Langsætrane verte køyrde.

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag blir det normalt ikkje køyrd opp løyper, bortsett frå jul, vinterferie og påske. Seinare på vinteren når det vert lysare kveldar, vil vi ved behov prøve å køyre noko. Dersom det kjem snø måndag i ei ”vanlig” veke, vil det normalt ikkje vere oppkøyrde løyper før fredag. Men dei løypene som vart lagt på søndag, kan gjerne vere gode også utover i veka. Ein må ta omsyn til nokre forhold for å vite om løypene er intakt:

• Har det komt snø siste dagane etter at løypa var preparert?
• Har det vore lausesnø og sterk vind? Hugs at løypa lett kan ”drive igjen”.
• Har det vore mildver og smelting? Dette kan tære på snøen og øydelegge løypa.

Vil du vere heilt sikker på korleis løypetilstanden er, kan du ringe vakttelefon 97 48 83 22.


Løypekøyring
Tor Midtbust  - 08.01.2011

Etter det siste store snøfallet har vi no køyrt over alle løypene med unntak av Jolbotn der det er fonnfare.
I dag har maskina vore inn til Storvatnet, og der er det nesten 1,5 m snø. Sjåfør Bjørn Holmelid sa i telefon frå Elvabyte at det er svært mykje laussnø.

Men alt om løypekøyringa ser vi på "Skisporet.no " Klikk på Stordal på kartet. Tannhjulet syner kvar maskina er, og fargane på løypene kor lenge det er sidan maskina har passert.


Ny løypemaskin!
Tor Midtbust  - 30.12.2010

Den nye løypemaskina frå Antra AS kom 15. desember, og våre sjåførar vart kursa i 2 dager. GPS er montert på maskina og på "Skisporet.no " kan alle etterkvart sjå når og kvar maskina har køyrt.

Den nye og fine skiløypa frå Overøye til Puskebrua er no ferdigplanert og vi har lag spor i dobbel breidde. Det er køyrt løyper på begge sider av elva frå Seljebotnbrua til Kvitlane, og frå Pusken til Lillevatnet/Storvatnet. Utanom planerte traseer er det enno noko ujamnt pga lite snø.

Rundt nyårshelga vil det ved behov verte køyrt på nye spor.


VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen

Busengdal Transport

Fjords
Helland
Jonsson Worren
Stavseng Ingeniorfirma
Stordal Mobler
Vestlandstak