Stordal IL
Påske!
Tor Midtbust  - 03.04.2012

På grunn av svært mykje laus nysnø og dårleg sikt har vi så langt i påska køyrt løyper berre i nærområda frå Seljehaugen til Langsætrane og innover til Fokhaugane. I morgon onsdag vil vi, dersom forholda tillet det, forsøke å utvide løypenettet. Vi oppmodar om å sjå på www.skisporet.no. (Skisporet.no har tidvis problem med nettsida).

Vi vil åtvare om stor snøskredfare, særleg Kleivabotn, Jolbotn og høgda innom Fokhaughytta før Trollkyrkjegarden. Det er også meldt om at isen på fjellvatna kan vere utrygg.


Vi håper på minusgrader!
Tor Midtbust  - 19.03.2012

På grunn av mildver og regn har fleire bekker/myrhol åpna seg slik at det ikkje lenger er mulig å køyre løyper frå Seljebotn til Kvitlane bortom elva. Det har også vorte problem mot Jolbotn og innover til Elvabytet. Men det vart køyrt til Storvatnet sist helg. Så vi håper på nysnø og minusgrader framover slik at vi kan køyre til over påske. Men vert det derimot mange plussgrader med regn eller sol kan vi måtte avslutte tidlegare.


Vinterferie
Tor Midtbust  - 20.02.2012

Vår intensjon er å lage gode skispor i heile vinterferien. Snø og sterk vind den siste tida og no etterkvart høgare temperatur, gjer at rasfaren aukar. På skisporet.no kan du følge med på løypelegginga, og i denne aktuelle situasjonen betyr dette at: 1) Raud farge - sporet er ikkje oppkøyrd på ei stund pga rasfare og vi anbefaler ingen å gå desse løypene. 2) Grøn eller gul farge - dette er nylagde løyper og derfor relativt trygt for ras. Bruk likevel sunn fornuft.

Rettesnora er at nylagde løyper (grøne eller gule) er trygge løyper.


Fine turløyper!
Tor Midtbust  - 07.01.2012

Det er no fine turløyper på Overøye og innover fjellet. Så spenn skiene på og kjenn kor godt det er å kome seg ut i naturen en fin vintersdag!


2. juledag
Tor Midtbust  - 26.12.2011

På grunn av uver, lite snø og delvis overvatn i løypetraséane blir det ikkje løypekøyring i romjula.


VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen

Busengdal Transport

Fjords
Helland
Jonsson Worren
Stavseng Ingeniorfirma
Stordal Mobler
Vestlandstak