Vi har no bestemt å utsetje Dombåshelga til 9.-12. des pga. kulde (ny påmelding innan 30.des.). Vi får håpe flest mulig kan då også. Vi kjem i staden til å køyre eit opplegg i Vaksvika (skilta til Sportskapellet), der det er flotte forhold. Bruk likevel ski som toler å få litt ripe. Det blir to økter på laurdag og ei på søndag. Opplegget blir ca slik:
Laurdag
- trening fristil kl 10.30-12.00 (teknikk, hurtigh, langrennscross)
- mat kl 12.30, med pause og sosialt samvær på grendahuset i Vaksvika
- trening klassisk kl 14.30- 16.15 (teknikk, balanse, stafett, styrkestak m.m.)
- mat/ taco kl 17.00, med litt sosialt fram til kl 19.00 på grendahuset
Det er dusjmuligheiter på grendahuset. Ta med godt med kle, det er meldt kald også her heime. Det er viktig å ha varme hanskar/vottar, varme sålar i skoa og varm hue og buff. Dette er dei mest utsette stadane.
Søndag
- prolog og teamstafett, kl 11.00 (både klassisk og skøyting)
Håper alle kjem og blir med på opplegget. Det er faste og fine løyper for klassisk, men ein del slitasje. Det beste er å legge grunnklister (t.d. blå klister) i botn for så å legge lilla eller universalklister utanpå. Sender litt nærare smørjetips på fredag.
- hugs å melde av Dombåsrennet (Erik tar seg av dette)
Pål