|
|
 |
Treningsprogram 2011 og programhefte
Erik Røkke
- 05.01.2011
Her kjem ei oversikt over treningar og renn for vinteren 2011. Ikkje alle renn er påført, men alle cuprenn, sonerenn og SBM-KM er tatt med. Sjå her.
Det er trening for alle frå 8 år og eldre i dag kl 18.00 på Stavsengfjellet i klassisk stil. I morgon er det Stordalscup fristil og laurdag legg vi opp til tur rundt Svartløken med avgang frå Fjellstova kl 10.30. Denne turen passar best frå 11 år.
Ikkje gløym å melde deg og dine på sonerennet i Norddal på søndag. Send mail til erik@orskogsparebank.no før kl 19.00 på torsdag.
Sjå også programheftet for langrennsgruppa her.
|
|
|
Sonerenn på søndag 9.1.2011. Husk trening på onsdag kl 18 (klassisk)
Erik Røkke
- 03.01.2011
Det vert arrangert sonerenn på Lilleås , søndag 9. januar 2011. Rennet blir avvikla i klassisk stil. Alle klasser. Ved lita deltaking i enkelte klasser kan desse verte slått saman. Rennstart kl 1300.
Startkontigent:
Til og med 16 år kr. 50,-
Frå og med 17 år kr. 70,-
Tillegg i startkontigent ved etterpåmelding kr. 30,-. Påmeldingsfrist torsdag 6. januar kl 19.00. Påmelding til Erik Røkke (vi sender inn samla påmelding), ALLER HELST på e-post:erik@orskogsparebank.no eller telefon 97113383. Husk å oppgi klasse ved påmelding.
|
|
|
Treningar før jul! Husk også Romjulsrennet på Molde 30.12. Det er klasser for dei minste også.
Erik Røkke
- 17.12.2010
Her kjem planen for treningar i helga:
- Laurdag 18. des. kl 10.30; klassisk trening på Vaksvikfjellet
- Søndag 19.des kl 10.30; eigentreningstur rundt Svartløken, fristil. Oppmøte på Fjellstova. Dette blir ein roleg tur der vi går samla i grupper.
- Onsdag 22. des. kl 18.00; Treningsrenn, fristil fellesstart på Stavsengfjellet. Start frå kl 18.20. Ferdig kl 19.00.
Velkomen på trening og treningsrenn.
Mvh.Pål
|
|
|
|
|
|