Stordal IL
Stordalssamlinga i langrenn 3.-5. oktober 2014 - div info
Erik Røkke  - 23.09.2014

Ad pris for foreldre som ønsker å spise/overnatte på samlinga.

- Pris pr måltid: 50,-
- Pris pr døgn m mat/overnatting: kr 300,-.

Påmelding (aldersklasse). Dere melder på deltaker i den aldersklassen som gjelder for kommende sesong. Dvs deltaker som er født i 2001 meldes på i 14 års klassen.

Erik


Rulleskitrening-aktivitetsdag onsdag 10.9. kl 18
Erik Røkke  - 08.09.2014

Rulleskitrening for barn 8-13 år.

Onsdag 10.9.2014 kl 18-19.30 vil Liabygda IL og Stordal IL Langrenn i samarbeid med Skikretsen avholde treningskveld/aktivitetsdag i rulleski. Aktiviteten gjennomføres i Stordal (Oppmøte Vad Møbler). Det er ikke krav til at barnet har gått på rulleski før. Klubben/skikretsen vil låne ut rulleski.

Det vil være fokus på sikkerhet ved rulleski, og en morsom tilnærming til langrenn. Kursholder vil være Geir Tony Tomren.

Se også http://www.skiforbundet.no/more-og-romsdal/aktuelt-alle-grener/rulleskitilbud-til-klubber/

Vi vil også lage til ei trening for dei som er eldre enn 13 år.


Stordalssamlinga i langrenn 3.-5. oktober 2014
Erik Røkke  - 28.06.2014
Stordal IL Langrenn inviterer til:

Langrennshelg i Stordal, 3.-5.oktober 2014

Hald av denne helga! Stordal IL Langrenn gjentar suksessen frå tidlegare år og inviterer alle løparar i aldersgruppa 11-16 år (årgang 2004-1999) til langrennshelg i Stordal. Storfjordlangrenn og juniorar frå Kretslaget vil delta på samlinga.

Sjå reportasje frå samlinga i fjor: http://www.stordalshallen.no/artikkel.aspx?MId1=271&AId=3179&Back=1

Treningar:
Stordal IL Langrenn ønskjer å arrangere ei treningshelg som kan gi løparane godt sportsleg utbytte. Vi vil legge vekt på teknisk trening på rulleski, skigang med stavar i form av intervalltrening og styrkje. I tillegg vil deltakarane få teste seg gjennom uhøgtidleg rulleskiløp og terrengløp. Treningane blir nivådelt utifrå alder.

Overnatting- måltid:

I Stordalshallen vil det også bli overnatting, måltid, garderobe og andre sosiale aktivitetar. Det blir nattevakt i Stordalshallen. Foreldre som likevel ønskjer å overnatte kan sjølvsagt gjere det.

Vi vil gjerne vil ha beskjed på førehand om det er særskilde behov knytt til matallergi eller andre ting.

Trenarar:
Vi vil gjere avtale med erfarne og godt utdanna trenarar som vil lede treningane. I tillegg får vi hjelp av juniorar frå Kretslaget. Trenaransvarleg vil vere Pål Bjørn Øvrebust. Anniken Hjellbakk Hole og Lars Anders Hoel vil vere med som trenarar saman med Pål.

Påmelding og betaling:

Påmeldingsavgift pr. deltakar er kr. 750,- som inkluderer alle måltid og overnatting.

Avgifta blir fakturert klubbvis. Ta kontakt om de vil betale avgifta utanom klubben (bankkonto 3902.30.10287)

Påmelding: www.minidrett.no(bli opna 15.08.2014) Sjå også heimesida til Møre & Romsdal Skikrets. Spørsmål om samlinga? Ta kontakt med Erik Røkke: erik.rokke@sbm.no, mob. 97113383 eller Pål Bjørn Øvrebust: paov@stranda.kommune.no, mob 45667740

Velkommen til Langrennshelg i Stordal!

Stordal IL Langrenn

Utstyrsliste:

Hugs å ta med:

· Skisko, stavar og rulleski til fristil
· Stavar til skigang på laurdag. 5-10 cm under vanleg klassisk høgd
· Hjelm og refleksvest
· Godt med treningsklede, hue og hanskar
· Handdukar, toalettsaker
· Drikkebelte, drikkeflaske
· Joggesko til utebruk og innesko til bruk i hallen
· Sovepose, liggeunderlag (Stordalshallen har nokre matter, ikkje nok til alle)

Overnatting, garderobe, mat (sju måltid) i Stordalshallen

Meir info. Sjå Facebook Stordal/Liabygda eller Skikretsen si heimeside.


Dobbeltseier til Martine på NC avslutninga på Gåla i helga. Gratulererer!.
Erik Røkke  - 30.03.2014

Martine tok gull på både lørdagens fristil og søndagens duathlon på Gålå under finalehelgen i Norgescupen, K17 år. GRATULERER.

Det blir avslutningsrenn i Stordalscup med utdelinga av premier torsdag 3. april. I tillegg til premier til dei som har gått 4,5 og 6 renn, blir det utdeling av Telenor premier (drikkebelte)


Fellescup-Stordalscup i langrenn tirsdag 25.3 kl 18.30 på Stavsengfjellet (reserve: Langsætrane)
Erik Røkke  - 24.03.2014

I morgen, tirsdag 25.3, er det fellescup/Stordalscup i langrenn, FRISTIL, kl 18.30 på Stavsengfjellet. Påmelding fra kl 17.45.


VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Coop Marked
Tafjord
Busengdal Transport
Pedro
Gjensidige
Sparebanken More
Orskog Energi