Følg med på kvar Fjellservice køyrer opp løyper!
John Kristian Hjelle
- 30.12.2010
Fjellservice fekk den nye løypemaskina si frå Antra AS 15. desember. Det er montert GPS på maskina og på "Skisporet.no " kan alle etterkvart sjå når og kvar maskina har køyrt.
Den nye og fine skiløypa frå Overøye til Puskebrua er no ferdigplanert og Fjellservice har lagt spor i dobbel breidde. Det er køyrt løyper på begge sider av elva frå Seljebotnbrua til Kvitlane, og frå Pusken til Lillevatnet/Storvatnet. Utanom planerte traseer er det enno noko ujamnt pga lite snø.
Ta deg ein skitur no etter all julematen og gjer deg nytte av dei fine løypene som Fjellservice køyrer opp!